Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar
Fredag morgon er fleire fjellovergangar mellom aust og vest kolonnekøyrde.
Rv. 7 over Hardangervidda er stengt for køyretøy under 7,5 tonn. Det er kolonnekøyring for dei med høgare totalvekt.
Det er også kolonnekøyrt på E134 over Haukelifjell, medan Fv. 50 Hol-Aurland var heilt stengd fram til klokka 08.00. Der er det no opna for kolonnekøyring, melder Vegtrafikksentralen.Årsaka er dårleg vêr.