Statnett får gebyr etter uanmeldt tilsyn
Arbeidstilsynet reagerer etter å ha møtt arbeidarar utan gyldig HMS-kort under eit uanmeldt tilsyn på eit Statnett-prosjekt i august 2024.
Kontrollørane dukka opp på anleggsplassen i prosjektet Aurland–Sogndal medan det pågjekk arbeid med strekking av leidning over Sognefjorden mellom Frønningen og Dueskard.
Under tilsynet oppdaga kontrollørane at to av fem arbeidstakarar ikkje kunne visa fram gyldig HMS-kort.
Ifølgje Arbeidstilsynet er HMS-kortet heilt sentralt for å vita kven som jobbar på anleggsplassen og kven dei arbeider for. Når arbeidarar ikkje kan dokumentera dette, meiner tilsynet at det er eit alvorleg brot på regelverket og ei svekking av tryggleiken på arbeidsplassen.
Arbeidstilsynet peikar på at Statnett er ein stor, etablert og profesjonell aktør.
«Vår vurdering er at det er utvist alminnelig uaktsomhet i saken», står det i vedtaket NRK har fått innsyn i.
No får Statnett SF eit overtredelsesgebyr på 17 500 kroner. Arbeidstilsynet peikar på at brotet enkelt kunne vore unngått med betre kontrollrutinar, og at gebyret skal verka førebyggjande både for Statnett og andre verksemder i bransjen.