USA: Klare til å følge Trumps linje mot Iran
USAs forsvarsminister Pete Hegseth sa torsdag at Iran framleis har høve til å inngå ein avtale, og at landet ikkje bør arbeide for å skaffe seg atomvåpen, melder AFP.
Hegseth understreka samstundes at det amerikanske forsvarsdepartementet er budd på å «gjennomføre forventningane til president Donald Trump».
Det har vore auka spenning mellom USA og Iran, og USA har rusta opp i Midtausten med fleire hangarskip.
Iran har på si side meldt at dei skal ha skyteøving i Hormuzstredet.