Iran stoppa tankskip i Persiabukta
To tankskip er stoppa av den iranske Revolusjonsgarden i Persiabukta, ifølge det statlege iransk nyheitsbyrået Tasnim.
Skipa er skulda for å smugle olje.
Det er uvisst kvar tankskipa er registrert, og kva nasjonaliteten til dei 15 mannskapsmedlemmane som er tekne hand om av iranske styresmakter, er.