Russland har blokkert WhatsApp
Meldingstenesta WhatsApp har blitt blokkert av Russland fordi selskapet er «motvillig» til å følge lova, ifølgje Kreml, skriv AFP.
– Ei slik avgjerd blei faktisk tatt og sette i verk, seier Kreml-talsperson Dmitrij Peskov til Reuters.
WhatsApp er eigd av det amerikanske selskapet Meta Platforms. Torsdag varsla meldingstenesta om at russiske myndigheiter forsøkte å blokkere tenesta fullstendig, skriv Reuters.
– Å forsøke å isolere over 100 millionar brukarar frå privat og trygg kommunikasjon er eit tilbakesteg som berre fører til mindre tryggleik for folk i Russland, uttalte WhatsApp i ei fråsegn, skriv Reuters.