Vekst i digitale lesartal for lokalavisene
Lokalavisene sitt digitale lesartal hadde ein auke på 7,6 prosent i 2025. Samtidig les færre papiraviser, opplyser Mediebedriftene i ei pressemelding.
– Lokalavisene er ein viktig del av folk sin kvardag. Veksten i dei digitale lesartala viser at lokalavisene har lykkast med å vere relevante, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey.
Storbyavisene går tilbake med 5 prosent og riksavisene med 1,5 prosent.