Digitalt helsekort for gravide er klart
No blir digitalt helsekort for gravide rulla ut i heile landet, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Alle fastlegar kan no ta i bruk digitalt helsekort for gravide, medan helsestasjonane får tilgang i mars.
– Vi skal ha verdas mest digitaliserte helsetenester, og då kan vi ikkje lenger ha helsekort for gravide på eit slite papirark. Det må vere digitalt, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– No er utrullinga i gang, og eg vil oppmode alle fastlegar og helsestasjonar i kommunehelsetenesta til å ta i bruk løysinga, legg han til.