Høge metallprisar gav Hydro drahjelp
Norsk Hydro leverte eit driftsresultat på 5,6 milliardar kroner i fjerde kvartal 2025.
Selskapet melder om produksjonsrekordar, store kostnadskutt og nye langsiktige kraftavtaler for verka i Høyanger og Sunndal.
Sjølv om resultatet er noko ned frå 6,0 milliardar kroner i tredje kvartal og 7,7 milliardar i same kvartal året før, foreslår styret eit kontantutbytte på 3 kroner per aksje.
Selskapet skriv at arbeidet med å kutte 850 tilsette held fram i 2026. I fjor blei det òg kjent at selskapet legg ned fabrikkar i Europa, blant anna i Storbritannia.