Russiske styresmakter avviser at Navalnyj blei forgifta med froskegift
Russiske styresmakter avviser på det sterkaste at den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj blei forgifta av froskegift, skriv Reuters
Fem europeiske land hevda i helga at opposisjonspolitikaren blei forgifta i fengsel med gift frå pilgiftfrosk.
– Naturlegvis aksepterer vi ikkje slike skuldingar. Vi er ueinige i dei. Vi anser dei som partiske og grunnlause, seier Dmitry Peskov, talsperson i Kreml, ifølge Reuters.