Politiet: Sendt fleire nasjonale beredskapsressursar til Bergen
Politiet stadfestar til NRK at dei har sendt fleire nasjonale beredskapsressursar til Bergen.
Dette skjer i samband med skytehendinga i Åsane.
Dei har mellom anna sendt krisegisselforhandlarar og ein Terradyne Gurkha, eit pansra teknisk køyretøy som er ein del av politiet sine nasjonale beredskapsressursar.
TV 2 meldte om denne såkalla «Gurkha» først.