Statlege medium i Iran: 15 drepne i idrettshall
15 personar er drepne i eit angrep mot ein idrettshall i byen Lamerd sør i Iran, melder iranske statlege medium, ifølge nyheitsbyrået Reuters.
Tidlegare er minst 85 personar drepne i eit angrep mot ein jenteskule sør i landet.
Verken Israel eller USA har stadfesta detaljar om angrepet, etter at dei to landa samarbeidde om eit angrep mot iranske mål laurdag.