Seks omkomne etter bussbrann i Sveits
Ein bussbrann i Sveits skal ha ført til seks omkomne og fem skadde, ifølgje sveitsisk politi, skriv AFP.
Tilstanden til tre av dei skadde er kritisk, seier politiet på ein pressekonferanse.
Politiet seier vidare at brannen kan vere påsett.
Hendinga skal ha skjedd i kommunen Kerzers i kantonen Fribourg vest i landet.