Barnevernet tok babyen på fødestova - no får faren erstatning
Ein kommune i Møre og Romsdal må betale 100.000 kroner til ein barnefar etter ein årelang strid.
Allereie den same dagen som babyen blei fødd, sto nye foreldre klare til å ta over, og foreldra har kjempa for å få slått fast at kommunen greip inn på ulovleg vis.
No slår Høgsterett fast at kommunen ikkje gjorde nok for å sikre at babyen kunne kome tilbake til dei biologiske foreldra på eit seinare tidspunkt.
Dommen i Høgsterett vil kunne føre til at andre kommunar får liknande krav. Det er difor stor interesse for saka.