Stort straumbrot i Ytre Nordfjord
Eit stort straumbrot gjer at 5600 abonnentar kring Måløy, Bremanger kommune og Stad kommune har mista straumen.
Straumen gjekk kring klokka 20 søndag kveld.
Nettselskapet Linja skriv i ein SMS til straumkundane sine at det har skjedd ein feil i det elektriske nettet.
Det har vore dårleg vêr i området i dag. Omsorgssenteret i Måløy har sett på naudaggregat.
Klokka 20:50 melder folk i Måløy til NRK at straumen er tilbake, men like etter forsvann elektrisiteten på nytt.
Nettselskapet Linja seier til NRK at det er ein større feil i området. Dei kjenner ikkje til kvar feilen er endå.
– Vi bemannar opp både på driftssentralen og ute i felt for å finne feilen, og vi oppdaterer nettsida vår så snart vi har meir informasjon, seier fagleiar kommunikasjon og berekraft Christin Hagevik Aare.