Swift inviterer til kinofest
Artisten Taylor Swift skal vise fram sin nye musikkvideo «The Fate of Ophelia» på kino. Det annonserer ho sjølv på Instagram.
Mussikvideoen er frå albumet «The Life of a Showgirl», som er hennar tolvte.
Det inneheld 12 spor og gir eit glimt bak sceneteppet frå Eras Tour.