Mange norske scoringar i utlandet
I tillegg til Erling Braut Hålands hattrick for Salzburg, har fire nordmenn scora i utanlandske ligakampar i dag.
Kristoffer Ajer scora sitt første ligamål for Celtic i 5-2-sigeren over Motherwell. Henrik Bjørdal scora i Waregems 2-0 over Genk. Oliver Berg scora Sundsvalls mål i 1-1-kampen mot Östersund, og Fredrik Ulvestad scora eitt for Djurgården som slo Sirius 4-0.