Rørt Dahlen tok seg til semifinale
Aida Husic Dahlen er klar for semifinale i Paralympics etter siger 3-1 over ungarske Zsofia Arloy i kvartfinalen. Det betyr at ho er sikra medalje, ettersom det ikkje blir spela bronsefinale.
Den norske 30-åringen har to femteplassar som best i Paralympics tidlegare, og difor blei det ekstra emosjonelt då Dahlen klarte å sikre semifinalebilletten etter fjerde sett.
Dahlen vann eit jamnt første sett med 14-12, og var klart best i det andre med 11-6.
I det tredje låg ho under med 4-7, snudde til 9-8, men tapte 9-11.
Men i det fjerde var det ingen tvil. Dahlen vann 11-5.
I semifinalen laurdag klokka 04.00 skal Dahlen møte kinesiske Jingdian Mao.