Aftonbladet: Sikkerheitspoliti med kopling til svensk topp-politikar etterforska for lovbrot
I fjor haust anmelde det svenske sikkerheitspolitiet (Säpo) ein av sine eigne tilsette, for innbrot i deira eigne system, skriv svenske Aftonbladet. Den tilsette skal vera knytt til ein høgtståande politikar, ifølge fleire kjelder som avisa har snakka med. Førsteaktor Nicklas Englund leiar saka, men ønsker ikkje å seia noko om personane som er involvert i saka. Den tilsette sin forsvarar seiar at klienten hans nektar straffskyld.
Fleire av dei Aftonbladet har snakka med reagerer på tidsrommet mellom mistanke om lovbrot og politimeldinga. Mistanken om lovbrota blei levert den 5. oktober i år, nokon få veker etter valget. Mistanken gjaldt kriminelle forhold frå april 2018.