Sør-Korea vil oppnå fred gjennom overlegen makt
Den sørkoreanske presidenten Yoon Suk-yeol seier at fred med Nord-Korea vil kome gjennom styrke og makt, ikkje gjennom velvilje.
Han er på besøk hjå den amerikanske presidenten Joe Biden i Det kvite hus, der dei to held ein felles pressekonferanse.
– Vi kan oppnå fred gjennom overveldande styrke, og ikkje falsk fred ut frå velvilje på den andre sida, seier Yoon.