USA åtvarar om mogleg massakre i Sudan
FN-ambassadøren frå USA åtvarar om ei kommande massakre i den sudanske byen El-Fasher, skriv NTB.
Byen er eit knutepunkt for humanitært arbeid i den krigsherja regionen Darfur, og har inntil nyleg vore ganske upåverka av kampane mellom regjeringshæren og RSF-militsen.
Sidan midten av april har det likevel kome meldingar om åtak og samanstøyt i byen og områda rundt.
– El-Fasher står på randa av ein storstilt massakre. Det er den dystre røynda millionar av menneske står ovanfor, seier FN-ambassadør Linda Thomas-Greenfield til pressa etter eit møte i Tryggingsrådet om Sudan.
Millionar av menneske er drivne på flukt frå kampane mellom regjeringshæren og militsen, som starta i fjor.