Uroa for postvesenet under valet
Eit tial statlege og lokale valfunksjonærar i USA er uroa for om postvesenet har ein god nok plan for å ta i mot postrøyster under valet. Det skriv dei i eit ope brev.
Millionar av amerikanske veljarar røystar gjennom posten. Valfunksjonærane bak brevet er ikkje tilfreds med svara frå det amerikanske postvesenet.
– Vi har ikkje sett noko betring eller innsats for å dempe uroa vår, skriv dei.
Donald Trump har tidlegare hevda at postrøyster blir brukte til omfattande fusk i amerikanske val, sjølv om det ikkje er funne bevis for det.