Dei engelske laga vidare i Europa
Aston Villa og Nottingham Forest tok seg vidare frå kvartfinale i Europaligaen, medan Crystal Palace tok seg vidare i Serieligaen.
Jørgen Strand Larsen kom på banen etter pausen i kampen mellom Palace og Fiorentina. Det engelske laget hadde eit solid forsprang frå førre kamp, men Fiorentina klarte å gjere det spennande på heimebane.
Det italienske laget vann kampen 2-1, men det var ikkje nok til å ta att forspranget. Etter to kampar blei det samanlagt 4-2 til Crystal Palace.
Det stod likt mellom Nottingham Forest og Porto før torsdagens oppgjer.
Berre åtte minutt var spelt då Jan Bednarek fekk raudt kort etter å ha stempla Wood i kneet. Bortelaget var derfor med ein mann mindre.
Det utnytta heimelaget som skåra etter 12 minutt. Morgan Gibbs-White fyrte av frå 20 meter.
I kampen mellom Aston Villa og Bologna hadde Villa eit solid forsprang frå førre kamp. Med fire nye mål i det andre oppgjeret, tok det engelske laget seg vidare til semifinale etter samanlagt 7-1.
I semifinalen i Europaligaen møter dei engelske laga kvarandre, då skal Nottingham Forrest spele mot Aston Villa.