Italia slår tilbake mot Frankrike
Den italienske regjeringa seier den ikkje aksepterer «hyklersk irettesetting» frå Frankrike. Fråsegna er eit svar på den franske presidenten si skulding om at Italia var uansvarlege når dei valde å ikkje ta imot skipet Aquarius med 629 flyktningar.