Sakna sidan 2015 – kan vere funnen
Ole Geir Hodne Viste blei meldt sakna for tre og eit halvt år sidan. No er bankkortet hans funne på ein død mann, har NRK fått vite. Bygningsarbeidarar fann den døde mannen skjult inni ein vegg, høgt oppe i eit bygg i Sandnes på torsdag.