Trur kvinne er utsett for vald
Politiet seier at alt tyder på at kvinna som vart funne alvorleg skada på Skjetten i Akershus, har vore utsett for vald. Dei vil ikkje seie om mannen som vart skoten av politiet etter at han trua med øks, er mistenkt i saka. Han er sendt til sjukehus.