To funne døde etter brann
To personar som var sakna etter ein bustadbrann i Hærland i Indre Østfold, er funne omkomne. Det melder avisa Smaalenene. Dei to er sende til obduksjon og identiteten er ikkje formelt stadfesta, skriv avisa. – Eg kan stadfeste at to døde personar er funne i brannruinen. Vi jobbar framleis på staden, opplyser stasjonssjef Olav Unnestad ved Indre Østfold politistasjon til Smaalenenes Avis.