Hovudvegen til Kvinnherad blir stengd til laurdag ettermiddag
Fylkesveg 500 i Kvinnherad er stengd mellom Årsnes og Sunndal, etter at det gjekk eit stort stein-, snø- og sørpeskred sør for Sunndal litt før klokka 18 fredag. Dette er den einaste fergefrie vegen inn til kommunen. Skredet er 150 meter breitt og 2-3 meter høgt. Politiet er på staden. Ei gravemaskin og ein varebil er treft av raset, men det var ikkje personar i desse. Det går føre seg anleggsarbeid på staden i samband med ein ny krafttunnel. Det er usikkert kor raskt skredet kan ryddast vekk. Geolog kjem til staden laurdag føremiddag. Читать дальше...