Ingen skiflyging for Riiber
Jarl Magnus Riiber og resten av kombinertherrane får ikkje lov og fly på ski neste sesong. FIS har ikkje klart å finne ein vertsnasjon til å ta på seg skiflygingskonkurransen. Det stadfestar Edgar Fossheim, som er Noreg sin representant for kombinert, på Det internasjonale ski- og snowboardforbundets (FIS) kalenderkonferanse i Dubrovnik. Jarl Magnus Riiber seier til NRK at han er skuffa, men ikkje overraska over resultatet. – Eg trur skiflyging hadde vore bra. Vi treng sårt nokon småting som kan sprite opp. Читать дальше...