Oljeprisen rasar og er no under 80 dollar fatet
Oljeprisen held fram med det kraftige fallet onsdag. I dag fell oljeprisen nye 2 prosent og ramlar dermed under 80 dollar fatet for første gong sidan i sommar. Den siste veka har oljeprisen gått ned nærare 7 prosent og også bidrege til eit kraftig fall i kroneprisen.