Taylor Swift kan bli historisk
Taylor Swift kan bli den første i historia til å vinne Grammy for «årets album» fire gonger. I dag blei det kjend at Swift er nominert til i alt seks ulike prisar i den gjeve kåringa. Norsk / danske Aqua er nominert saman med Nicki Minaj for songen «Barbie world» som blei brukt i den nye Barbie-filmen. Dyktige kvinner utgjer sju av åtte nominerte i dei tre fremste kategoriane. Flest nominasjonar har artisten SZA med ni, så har Taylor Swift, Olivia Rodrigo, Billie Eilish, Miley Cyrus og bandet Boygenius seks kvar.