Bytta 6 spelarar og slo tilbake
Arsenal hadde berre teke to poeng på sine siste sju kampar, og ikkje vunne sidan sigeren over Manchester United 1. november. Men i dag slo dei knallhardt tilbake med 3-1 over Chelsea.
Arsenal gjorde seks byte etter 1-2-tapet for Everton sist laurdag. Ute var mellom andre David Luiz, Wiilian og Gabriel. Sistnemnde har covid-smitte og mister tre kampar.
Alexandre Lacazette scora på straffe, og Granit Xhaka la på til 2-0 like før pause. Bukayo Saka sette inn det tredje ti minutt ut i andre omgang.
Tammy Abraham reduserte etter 86 minutt, og kunne fått endå ei redusering på overtid. Men Bernd Leno redda straffen frå Jorginho.
– Resultatet var det viktigaste i dag, vi måtte vinne. Vi har vore frustrerte med resultata i det siste, sa Arsenal-manager Mikel Arteta.
Arsenal er likevel nummer 14 på tabellen etter sin svakaste sesongstart sidan 1974.
(Videoklipp med løyve frå TV 2)