Førebels fleirtal for Vestland i Sveio
I dag avgjer innbyggjarane i Sveio kva fylke dei skal høyra til, Rogaland eller Vestland. Klokka 19 vart resultata av førehandsrøystene klare, og dei syner at 58,2 prosent vil vera i Vestland, medan 41,5 prosent vil til Rogaland. Men dei endelege resultata er ikkje klare før seinare i kveld. Vallokala stengde klokka 19. 38 prosent av dei røysteføre har røysta før valdagen.