Salah-magi sende Egypt til semifinale
Mihamed Salah scora eitt og var ariktekten bak det andre då Egynp gjekk til semifinale i Afrika-meisterskapet med 2-1 over Marokko.
Sofiane Boufal sende Marokko i leiinga på straffe etter berre sju minutt, og marokanarane leia ved pause.
Salahs og Egypts utlikning kom åtte minutt ute i andre omgang.
Mahmoud Trézéguét sette inn sigersmålet ti minutt ute i første ekstraomgang, etter eit perfekt løp til dødlinja og eit like perfekt innlegg av Salah.
Egypt er mestvinnande lage i Afrika-meisterskapet med sju sigrar. Men den siste kom i 2010
Egypt er ute etter revansje for det skuffande meisterskapet på heimebane i 2019, då dei blei slått ut i åttedelsfinalen.
I semifinalen tysdag skal Egypt møte heimelaget Kamerun.