Eriksen nesten klar for Brentford
Danske Christian Eriksen er så godt som klar for Brentford etter å ha gjennomgått legesjekk. Han kjem til å skrive kontrakt for seks månader med London-klubben, skriv Sky Sports. Brentford er leia av ein annan danske, Thomas Frank.
Eriksen har ikkje spela sidan han kollapsa med hjartestans under Danmarks EM-kamp mot Finland i sommar.
Sist månad blei han frigitt frå sin gamle klubb Inter. Eriksen har fått operert inn pacemaker, og det er ikkje lov å spele profesjonellfotball med det i Italia.
Men i England er det lov. Eriksen blir den første som spela med pacemaker i Premier League.
Eriksen spela for Tottenham i sju sesongar før han gjekk til Inter i 2020.
Han har sagt at han vil spele i VM i Qatar i år, eit VM der Danmark allereie er kvalifisert.