Professor om Putin: – Pøbel
Professor ved Institutt for forsvarsstudium, Sven G. Holtsmark, blei sjokkert då han høyrde Putin tala i går kveld.
– Om eg kan bruka litt direkte språk: Det er ein pøbel som snakkar. Dette er ei form for pøbelspråk. Eg finn ikkje eit anna ord, seier han og legg til at dette er noko som ein ikkje har høyrt sidan 1938 og 1939 då Hitler brukte denne typen språk.