Volkswagen kallar tilbake bilar
Den tyske bilprodusenten kallar tilbake 118.000 hybridbilar over heile verda på grunn av brannfare. Det er ei defekt batterisikring som kan lage brann eller elektrisk støyt i bilane. 42.300 av bilane det gjeld er modellar som Golf, Tiguan og Arteon, opplyser selskapet. Ifølge kommunikasjonssjef Lars Joakim Hansen i Volkswagen i Noreg er det berre nokre få bilar som blir omfatta av dette her til lands.
– Dette gjeld eit avgrensa tal bilar i Noreg, frå ein svært avgrensa produksjonsperiode, skriv han i ein SMS til E24.
Dei bileigarane som er ramma blir kontakta av Volkswagen, seier han.