Båt med migrantar redda ved Kanariøyane
Spansk politi seier at 25 migrantar truleg er døde etter at båten deira fekk problem på ei åtte dagar lang reise frå Mauritania til Kanariøyane, melder AFP. Båten blei redda med 48 overlevande om bord. Fem av dei overlevande blei frakta til sjukehus, blant dei to mindreårige. Tre av dei overlevande, blant dei det som skal vere skipperen, er arresterte mistenkt for drap.