Person fastklemt etter trafikkulukke på Varhaug
Politiet melder om ei trafikkulukke på Dysjalandsvegen i Hå. To bilar skal vere involverte. Det er store materielle skadar på køyretøya. Ein person er fastklemt, men medviten. Luftambulansen er på veg. Dei andre involverte er fysisk uskadde, melder politiet.