Berntsen og Mol vidare i sandvolley-VM
![Berntsen og Mol vidare i sandvolley-VM](https://gfx.nrk.no/XVi4Uh3UmwS8qa2uwoRF_wYXqmcsz5Y0-dcPvY4Uo2zQ.jpg)
Mathias Berntsen og Hendrik Mol gjorde jobben og spela seg til utslagsrundane i VM i sandvolleyball. Der stiller Noreg med to par.
Ainadino Martinho og Jorge Monjane frå Mosambik blei slått i strake sett med siffera 21-18, 21–17 måndag kveld. Sigeren tok Berntsen/Mol opp i fem poeng.
Nordmennene vann to av tre gruppekampar i Roma. Det er ikkje klart om dei tar første- eller andreplassen i gruppe F, men avansementet til 16.-delsfinalen er i boks.
Det same gjeld OL-meistrane Anders Mol og Christian Sørum. De var allereie klare før måndagens oppgjer mot Noe Aravena og Vincente Dorguett frå Chile, men slappa ikkje av og vann 21-13, 21–18.