Kjedekollisjon i Eidsvågtunnelen i Bergen
E39 Eidsvågtunnelen retning Bergen sentrum er no stengt grunna ei trafikkulukke. Det skal ha vore ein kjedekollisjon mellom minst to personbilar og ein buss, skriv Vest politidistrikt. Nordgåande løp mot Åsane er opna for trafikk. Vegtrafikksentralen skriv på Twitter at dei anbefaler personar som skal sørover til Bergen om å vente med avreise, men at anbefalt omkøyring er via Hardangervegen i Nesttun. Det skal vere snakk om materielle skadar på bilane, men ingen personar er alvorleg skadd i hendinga, fortel Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.