Kista med dronning Elizabeth er no ved Windsor Castle
Kista med dronning Elisabeth er no ved Windsor Castle. 250.000 menneske er ved Windsor for å følgja prosesjonen.
I St. Georges kapell vert det ein ny gravferdsseremoni klokka 17. 800 inviterte gjestar skal delta i gravferdsseremonien.
Under siste salme blir krona, rikseplet og septeret som har lege på kista, fjerna. Kista blir så senka i den kongelege krypten.
Deretter er det duka for ei privat gravferd med kongen og medlem av kongefamilien.