PST: Den spionmistenkte var i eit forskingsmiljø som samarbeida med Cyberforsvaret
Den brasilianske statsborgaren i 30-åra som er mistenkt for å vera ein russisk spion, har fått tilgang til eit forskingsmiljø som gjev grunn til uro, seier assisterande PST-sjef Hedvig Moe.
– Det er delvis fordi det er eit universitet i nordområda, som jo er strategisk viktig, men og fordi han har jobba med mellom anna hybride trugslar, og fordi det miljøet har samarbeida med statlege institusjonar, som mellom anna Cyberforsvaret, seier Moe til NRK.
Mannen var tilsett som frivillig forskar ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT).
Rektor ved universitetet, Dag Rune Olsen, fortel at det ikkje er slik at forskarane ved universitetet sit på informasjon som er hemmeleg.
– Men som assisterande PST-sjef peikar på, så er det jo kunnskap om det nettverket og det miljøet, seier Olsen til NRK.