Tre personar arrestert etter mogleg knivstikking
Politiet i Bergen rykka i dag tidleg ut til ei leilegheit på Landås der det vart meldt om at ein person var knivstukke.
Førebels er ikkje den fornærma funnen, men tre personar fra leilegheita er tatt med og sett i arresten. Det var BT som meldte om hendinga først. Politiet væpna seg under aksjonen då meldinga kom inn like etter 04.30.
– Vi har store ressursar ute for å leite etter fornærma. Vi veit ingenting om potensielt skadeomfang, men vi har vore i kontakt med helsevesenet som seier vedkommande ikkje har tatt kontakt med dei, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.