Kvinne døydde i brann i Bergen
Ei kvinne er død etter at det byrja å brenne i eit husvære i Bergen søndag. Kvinna i 30-åra blei henta ut av huset og sendt til Haukeland sjukehus. Ho døydde seinare på sjukehuset. Dei næraste pårørande er varsla om dødsfallet.
Årsaka til brannen er ikkje kjent, opplyser politiet i ei pressemelding.