27 menn funne døde i Zambia
I Zambia er 27 menn funne døde nord for hovudstaden Lusaka. Dei er truleg flyktningar frå Etiopia som har døydd av svolt og utmatting, melder AFP.
Ein 28. mann blei funnen i live og frakta til sjukehus.
Politiet trur mennene blei dumpa langs ein veg av ukjende personar
Migrantar frå austafrikanske land brukar ofte Zambia som eit transittland til Sør-Afrika.