Vulkanutbrot på Hawaii minkar
Utbrotet i vulkanen Mauna Loa har begynt å minke. Tusenvis av skodelystne har samla seg for å sjå vulkanen på den største øya på Hawaii.
Det er første gong på 38 år at vulkanen har vakna til liv, men no er utbrotet berre synleg på natta gjennom eit hol i fjellsida. Det renn ikkje lenger lava frå toppen av vulkanen.
Det var lenge usikkert om lava frå vulkanen kunne nå ein veg i nærleiken, men faren for det er over for denne gong.