Historisk gjennombrot i energiforsking
Forskarar i USA har nådd eit gjennombrot for fusjonskraft. For første gong har dei laga ein reaksjon som genererer meir energi enn det som blir brukt, seier energiminister i landet.
– Dette er ein stor dag, sa energiminister i USA, Jennifer M. Granholm, under dagens pressekonferanse.
Også olje- og energiminister Terje Aasland er begeistra.
– Eg er alltid glad for utviklinga av teknologi som kan vere med på å løyse verdas energiproblem – særleg utsleppsfrie løysingar, skriv Aasland i ein e-post til NRK.
– Det er for tidleg å seie noko konkret om kva denne teknologien kan bety for vår eiga del. Samstundes er dette spanande, og me gratulerer forskarane i USA med gjennombrotet.