FN-utsendingar fordømmar utesteninga av kvinnelige studentar i Afghanistan
USA og Storbritannia fordømmar utestenginga av kvinnelege studentar frå afghanske universitet, som det Taliban-styrde afghanske utdanningsdepartementet gav ordre om i dag, melder Reuters.
Beskjeden kom medan sikkerheitsrådet i FN møttes i New York for å snakka om Afghanistan. Både britiske og amerikanske FN-utsendingar fordømte handlinga under møtet.
– Taliban kan ikkje forventa å vera eit legitimt medlem av det internasjonale samfunnet før dei respekterer rettane til alle afghanarar, spesielt menneskerettane og den fundamentale fridommen til kvinner og jenter, sa Robert Wood, stadsfortredar for den amerikanske FN-ambassadøren.