Forsvarer til trusselsikta 20-åring: – Det var ikkje meint alvorleg
Laurdag blei ein mann i 20-åra varetektsfengsla i fire veker, sikta for drapstrugslar, brot på våpenlova, hatefullet ytringar og identitetskrenking, etter at han blei pågripen av politiet torsdag førre veke.
Forsvarsadvokaten til mannen, Odd Rune Trostrup, seier til Stavanger Aftenblad at mannen i 20-åra ikkje meinte alvor.
– Min klient erkjenn ikkje straffskyld. Han har aldri meint å truga noko, det var ikkje meint alvorleg, skriv Torstrup til Stavanger Aftenblad.