Minst 31 skadde i feiringa av VM-gullet i Buenos Aires
Minst 31 personar skal ifølge det argentinske Helsedepartementet vera skadde i kaoset som følgde sigersparaden til det argentinske landslaget i Buenos Aires tysdag, melder den argentinske avisa La Nacion.
Ein reknar med at rundt fire millionar menneske møtte opp for sjå landslaget i det dei køyrde det som skulle vera ei 30 kilometer lang sigersparade etter VM-gullet i Quatar. Etter nokon timer måtte landslagspelarane bli henta opp av eit helikopter, då det var umogleg for bussen å ta seg fram i folkemengda.